Medlemsmøte SAFE Mongstad 14.05.2012

Mandag 14. mai vart det avhalde medlemsmøte på Westland Hotel for SAFE klubben på Mongstad, med årets lønnsoppgjer som hovudtema.
Leiar for YS i Equinor Bjørn Asle Teige hadde saman med nestleiar Rune Rydningen tatt turen for å delta på møtet.
Også avtroppande koordinerande tillitsvalt for landanlegga i SAFE Kathrine Hettervik deltok på møtet.

Som nemnt var det årets lønnsoppgjer som var hovudtema under medlemsmøtet.  Leiar av YS i Equinor Bjørn Asle Teige haldt eit innlegg om kva forventingar og utsikter ein har for årets oppgjer.  Det vart også orientert om pensjonssaka og litt om ståa for den. Ein ting er vertfall sikkert og det er at siste ord er ikkje sagt i den saka! Les meir om pensjonssaka her.

Vår eigen leiar Jan-Eirik Feste hadde ein gjennomgang for medlemane om gangen for lønnsoppgjeret og handtering av ei eventuell konflikt.

Nestleiar for YS i Equinor Rune Rydningen orienterte om saka med skiftplanen på Kårstø og kva utfordringar dette har medført. Det vart også diskusjon rundt vår eigen skiftplan på møtet.

Møtet vart avrunda med ein betre middag.

Ny koordinator

På møte vart det informert om at vår koordinerande tillitsvalt for landanlegga i SAFE Kathrine Hettervik, skal ut i permisjon. Vår eigen nestleiar for klubben her på Mongstad Anette Paula Nygård tek over denne jobben etter Kathrine.

Skriv ut siden